Parkeringsordninga har fleire moment i seg: 

  • det er ikkje avgiftsparkering. 
  • det er parkeringssone langs fylkesvegen ned til fergekaia. Det betyr at det kun er lov å parkere på oppmerka plassar og ikkje langs fylkesvegen på det området som det er skilta med parkeringssone. Om ein ikkje overheld dette, kan ein få eit parkeringsgebyr på 990 kroner.
  • På kaia er det skilta og oppmerka der det er høve til å parkere, og det er mogleg å parkere der i maksimalt tre timar. Parkeringa må registrerast på automaten som står ved det offentlege toalettet eller nytte EasyPark-appen (takstgruppe 44456). Om ein ikkje registrerer parkeringa eller står lengre enn tre timar, kan ein få ein kontrollsanksjon.
  • På området der bussen skal parkere er det skilta med parkering forbode. Det er viktig at alle overheld dette slik at bussen kan snu på ein trygg måte. Om ein parkerer i strid med dette skiltet, kan ein også verte ilagt parkeringsgebyr.
  • Bak butikken er det reservert fleire plassar til bebuarar og andre oppsitjarar, medan det også er parkeringsplassar til fri bruk. Om det er fullt på desse parkeringsplassane, noko det truleg kjem til å vere på dei fine dagane i løpet av sommaren, er det mogleg å parkere på ein parkeringsplass langs fylkesvegen ikkje langt frå kaia, samt ved kyrkja. Ved kyrkja er det laga til fleire parkeringsplassar slik at det er skal vere mogleg å finne offentleg parkeringsplass i Solvorn både ved hendingar i kyrkja og på fine dagar. Det einaste vilkåret på parkeringsplassen ved kyrkja er at det berre dei med gyldig løyve som kan nytte parkeringsplass reservert for forflyttingshemma.
  • Parkeringsordninga vert administrert av Luster kommune, men ein har også fått hjelp av Sogndal kommune til å utføre det praktiske kontrollarbeidet. Det vil difor vere parkeringsbetjentar frå Sogndal kommune som utfører kontrollarbeidet. Sogndal kommune vil også svare på eventuell klagar på ilagde kontrollsanksjonar og parkeringsgebyr, men det er Luster kommune som vil vere kontaktpunkt for brukarane av parkeringsplassane.
  • Eigedomar som ikkje har eigen parkering kan venda seg til kommunen frå veke 26 (26. juni) for å få utdelt kort.