Prisen Årets lustring vart fyrste gong utdelt i 2023, då var det Ivar Kvalen som fekk han.

Styret i Lustramarknaden har peika ut ein jury på fem personar som avgjer kven som vert Årets lustring i 2024. 
I juryen sit:
Andreas Wollnick Wiese
Linda Øvregard Røhme
Jermund Molland
Ove Midtbø
Olav Grov

Årets lustring er ein ein pris som går til nokon som har gjort noko ekstraordinært siste året, eller nokon som har gjort seg fortent til prisen gjennom mange års innsats.

Årets lustring er ein heiderstittel og det synlege beviset som vinnaren får er eit diplom. Prisen vert delt ut på Lustramarknaden 8. juni.

Juryen vil gjerne ha grunngjevne framlegg til kandidatar til Årets lustring. 
Frist for å komme med framlegg er 31. mai. Send framlegg til lustramarknaden@gmail.com