Denne nettstaden vart oppretta før fylkessamanslåinga, då Sogn og Fjordane var eige fylke. Formidling av lokal litteratur og forfattarar er viktig for å styrke lokal identitet og tilhøyrsle, og vi mangla ei samla oversikt over forfattarar med tilknyting til fylket. Ved å opprette denne nettstaden ynskte dåverande Sogn og Fjordane fylkesbibliotek (no bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune) å gjere det enklare å synleggjere, formidle og bevare kunnskap om lokale forfattarar og litteratur.

Kva finn du på nettstaden?

På denne nettstaden vil du altså finne artiklar om forfattarar med tilknyting til Sogn og Fjordane.

Forfattarar på denne nettstaden bur eller har budd i fylket over lengre tid, har skrive skjønnlitteratur eller fagprosa retta mot ålmenta – barn eller vaksne – og har skrive i form av artiklar, bøker, småstykke, dikt mm. Både nolevande og tidlegare forfattarar er tatt med. Vi har førebels ikkje tatt med forfattarar som skriv fagtekstar som ikkje er retta mot ålmenta, t.d. forfattarar av lærebøker eller forskingsartiklar.

Sida blir jamleg oppdatert, både med fleire forfattarar, og nye opplysningar dei som alt er registrert.

Korleis bruke nettstaden

Du kan finne forfattaromtalar ved å søke og avgrense ved hjelp av ulike kriterium, dette er forklart på hjelpesida.

Kjelder for informasjon

Bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune vedlikeheld sida Forfattarar frå Sogn og Fjordane. Vi hentar stoff om og av forfattarane frå ulike opne kjelder. Førebels kombinerer vi forfattaromtaler frå Nynorsk Wikipedia og bøker av forfattaren på Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek, samt at vi viser til Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane. Etter kvart håpar vi å utvide med meir innhald frå m.a. Nasjonalbiblioteket.

Forfattarartiklane vi hentar frå Nynorsk Wikipedia blir skrive og/eller vedlikehaldne av tilsette på bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune, men det er fritt for alle å registrere seg og bidra til innhald på Wikipedia. Endringar gjort på Wikipedia vil automatisk bli oppdaterte på Forfattarar frå Sogn og Fjordane. Det er også mogeleg for alle å gi tilbakemelding på opplysingane ved å kontakte seksjonen.

Vi brukar Wikipedia som grunnlag for forfattaromtalane fordi dette er ei kjend, open kunnskapskjelde der alle kan bidra til vedlikehald av informasjonen. Informasjon om forfattarane blir lagra og treng berre oppdaterast éin stad, og kan delast og nyttast i fleire samanhengar.

Ved å trekke ut forfattarinformasjon frå Wikipedia og presentere den samla på Forfattarar frå Sogn og Fjordane i lag med stoff frå andre kjelder, håpar vi brukarane av nettstaden på ein enkel måte kan finne informasjon om dei lokale forfattarane.

Bakgrunn

Nettstaden er utvikla gjennom prosjektet «Lettare litteraturnett», eit samarbeid mellom tidlegare Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Nordland fylkesbibliotek, og med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Målet har vore å utvikle ein mal for å bygge litteratur-/forfattarnett på ein enkel måte ved hjelp av fritt tilgjengeleg programvare og opne kunnskapskjelder. Malen kan så nyttast til å lage lokale forfattar-/litteraturnett for formidling av lokale forfattarskap. I prosjektet har vi bygd ein nettstad for kvart av dei to fylka, med stoff henta frå høvesvis nynorsk- og bokmålswikipedia.

Sluttrapport for prosjektet (pdf), inneheld informasjon om utviklingsarbeidet, og programvare utvikla i prosjektet.