Bygdakafè
I dag har me nok ein gong vore samla til koseleg bygdakafè på Indre Hafslo. På kafèen kunne ein kjøpa seg både lappar med rømme og syltetøy, ulike typar kaker, kaffi og saft. Underhaldninga denne dagen var det barnehagen og 1.-4.klasse som stod for. 4.klasse las dikt om hausten, og elevane i 1.-4.klasse song "kaldt ute og varmt inne". Dei sjarmerande nisseungane i barnehagen song to nisse songar, og dei hausta mykje applaus. Det er kjekt å sjå at so mange møter opp på kafèen vår.