2. kl

Kjekt med snø
Det var fint på måndag då snøen lava ned over Indre Hafslo. Me brukt friminuttane til å lage snømann og den vart kjempehøg.
Adventskalender
Minner om at elevane innan fredag 29.november må ha teke med seg ei juleinnpakka fyrstikkøskje. Innhaldet skal vere 20 kr, ein snøkrystall og ein lapp med tittel på ein julesang .
.
Me vart med
Oppvekstsenteret har i dag dansa "Bli med" - dansen saman med over 135 000 ungar

Betasuppe og flatbrød
I dag har me laga flatbrød og betasuppe på uteskulen. Alle måtte hjelpa til både med å skjere opp grønnsaker og bake ut flatbrødet.Og så måtte alle vente på at suppen skulle koke og flatbrødet skulle steikast. Å det tok litt tid.....men du og du kor godt det smaka. Og i uteskuleboka står oppskrift på både flatbrød og betasuppe viss nokon skulle få lyst til å laga det heime. Vil du sjå bilete så gå inn på 1.klasse si side der finn du dei under fana bilete.

Vennskapsveka vart avslutta med fletting av band
Etter ei flott veke der me sette eit ekstra fokus på vennskap, avslutta me det heile med å flette vennskapsband til kvarandre.

Foreldremøte 10.september
Det vert arrangert foreldremøte for heile oppvekstsenteret tysdag 10.september

Valkafè
Leksehjelp måndag 9.september
