2. kl
![IMG_1595[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2700958.1686.abfpruqtbs/195x0/0_2700958.jpg)
Blåbærtur
På fredag var 1.-4.klasse på blåbærtur til Sviggahagane. Me fann blåbær som me skal lage blåbærmuffins av. Sjølv om veret ikkje var det beste så hadde me ein fin tur. Vil du sjå bilete frå blåbærturen så må du sjå under bilete på 1.klasse sida.

Mannekengoppvisning
I dag har me delteke på flott mannekengoppvisning på skulen. 5.,6. og 7.klasse hadde profesjonell mannekengframsyning av dei sjølvsydde forklèa sine. Til heftige tonar og vrikk på rompa fekk dei synt flott norsk handtverk. Til glede for alle oss andre som fekk sjå på. Vil du sjå bilet så finn du dei under bileta til 7.klasse.

Uteskule
I dag har me hatt ein kjempeflott dag på uteskulen. Me har rydda,saga ved, raka, murt gruer og snekra. Litt tid til leiking vart det også. Vil du sjå bilete frå uteskulen i dag så kan du sjå i albumen til 1.klasse.

Ein flott mai-bukett
No nærmar mai seg med stormskritt og i dag har 1. og 2.klasse laga mai-blomar. Dei vart kjempefine! Og sjå det fine bilete me fekk av ein flott mai-bukett!

God påske
I dag har me hatt ein flott dag på skulen. Først var det kunst og handverk der me laga påskepynt. Etterpå var det ein velsmakande lunsj og til sist fekk me sjå film. Tid til masasje med barnehagen hadde me også. Så etter ein slik dag gledar me oss alle til ein fin påskeferie! GOD PÅSKE!

Boka mi
I dag har Nora, som førstemann, fått med seg heim att nette til BOKA MI! Håpar alle alt no begynnar å tenkje på kva bok dei vil ha med seg på skulen.