4. kl

Moderne folke- og dyreteljing i Jostedalen
Prosjektarbeid på skulen: Ekspert på eiga bygd
No er heile skulen i gang med eit stort prosjekt fram mot opninga av Breheimsenteret i starten av mai. Me vil gjerne bli ein slags ekspertar på vår eiga bygd, og finne svar på mange spørsmål som me sjølve og folk utanfrå lurer på.

Sjå alle dei fine kostyma!
Karneval på skulen
Onsdag 6.mars var det karneval på skulen på kveldstid, og alle hadde utruleg flotte kostyme. Trykk "Les meir..." for å komme til lysbilete.
OBS: Hugs at skuleruta ikkje kan ta med ski og stavar!
Skidag Heggmyrane tysdag
Tysdag 5.mars er det skidag for heile skulen på Heggmyrane.
For dei som følgjer skulebussen om morgonen, må ski og stavar leverast på skulen av foreldre, skulebussen har ikkje løyve til å frakte skiutstyr!

Ungane kan gjerne nytte utetida til å gå på ski!
Ski i skule og barnehage
No har me endeleg masse god snø, og foreldre må gjerne syte for at ungane har ski og skisko i barnehagen og på skulen, slik at dei som likar å gå på ski kan gjere det i utetida utan ekstra organisering.

4.trinn hadde framsyning for 1.-3.trinn
Dokketeater på engelsk
Denne veka laga 4.trinn sin eigen versjon av eventyret om Raudhette og ulven.
21.jan-10.mars
Arvid i praksis, Marita vikar frå 31.januar
Arvid tek praktisk-pedagogisk utdanning på deltid dette og neste skuleår, og det inneber ein praksisperiode kvart av skuleåra.

Fysisk aktivitet i matte
I 4. og 5.klasse brukar me baksida på ein voksduk når me øver multiplikasjon.
Meld deg på laurdag 12.januar kl 11-15, gratis sesongkort for 4.klassingar!
Sogn skisenter inviterer 4.klassingar til skiskule
Brev frå Sogn skisenter (9.jan):
LAURDAG 12. JANUAR ER DET 4.KLASSING-DAG PÅ SOGN SKISENTER. ME INVITERER ALLE 4.KLASSINGAR I LEIKANGER, SOGNDAL OG LUSTER TIL G R A T I S SKISKULE KL 11-15 (Påmelding til post@sognskisenter.no).

Me ynskjer alle ei fredeleg julefeiring, og eit godt nyttår!
Takk for i år
No går det mot jule- og nyttårsfeiring, og me vil takke for ei koseleg førjulstid i barnehagen og på skulen.
Velkomne tilbake i det nye året!
(Gjeld sjølvsagt ikkje dei ungane som skal i barnehagen i romjula, dei er velkomne då òg!)